For første gong på 38 år køyrer elevane frå Hopen til Steinhovden med rutebåt

PÅ SKULEVEGEN: Her blir borna henta av foreldra på kaia. Foto: Privat
Artikkelen er over 1 år gammel
Etter at Osstrupen bru stengde for trafikk, har ein måtte tenke fram kreative løysingar for skuleskyssen til og frå Steinhovden skule. Dermed blei M/S Dagning sett inn i skulerute.
Steinar Hopen har mønstra på som styrmann, akkurat som i den tid fjorden var den einaste ferdselsvegen for folket i Høydalane.
På bildet under legg den til kai på Hopen, klar til skuleskyss over Høydalsfjorden for fyrste gong på 38 år.
Bildet over er frå kaia i Litle Høydal, der dei vaksne tek i mot elevane frå Steinhovden skule når dei kjem heim om ettermiddagen.