No blir Øyvind sprintar for fullt

FANN SEG SJØLV: Prosjektet då han flytta frå Florø var klart. Kvalifisere seg til OL-i Rio på 400 meter hekk. Det klarte han ikkje, men på vegen til målet vann han NM i sprint,  – No har eg sett meg nye mål. Eg trur det er riktig å satse slik eg gjer. Eg er min fars son, og har mykje muskelmasse å dra rundt på, seier han og meiner han genetisk er betre rusta til 100- og 200 meter. Foto: NTB

FANN SEG SJØLV: Prosjektet då han flytta frå Florø var klart. Kvalifisere seg til OL-i Rio på 400 meter hekk. Det klarte han ikkje, men på vegen til målet vann han NM i sprint, – No har eg sett meg nye mål. Eg trur det er riktig å satse slik eg gjer. Eg er min fars son, og har mykje muskelmasse å dra rundt på, seier han og meiner han genetisk er betre rusta til 100- og 200 meter. Foto: NTB

Artikkelen er over 2 år gammel

SPRINT: Det store prosjektet til Øyvind Strømmen Kjerpeset då han flytta til Oslo var å kjempe seg til OL i Rio på 400 meter hekk. Det lukkast som kjent ikkje, men på vegen fann han seg sjølv.

DEL

– Dei store måla mine i år er å pers på 100 og 200 meter. Det betyr at eg spring 10.30 og ned på 20-talet på 200 meter. Klarer eg det er eg kjempenøgd. Det er ambisiøst nok.

– Så er det offisielt no, du skal bli sprintar?

– Ja. Det er det eg satsar på i år.

– Du gir deg med 400 meter hekk?

– Då eg kom til Oslo i 2011 hadde eg og Eystein (Enoksen, trenaren journ. mrkn.) ein plan om å komme til OL på 400 meter hekk. Då var rekorden på 400 meter hekk 50.60, eg var best i landet og hadde store mål. Eg sette ny norsk rekord og kom også under 50-grensa, men det gjekk ikkje som eg håpa på. Eg meiner eg har gitt mitt beste for å bli god på 400 meter hekk. Eg kjenner meg likevel trygg på at eg kunne blitt betre om eg hadde satsa. Eg gjorde mitt beste, men det klarte eg ikkje, seier han og er ikkje bitter. No har han sett seg nye mål der prestisjen er større.

– Eg trur moglegheitene mine er betre på 100 meter og 200 meter, det er dessutan kulare å bli god på 100 og 200 meter.

– Har du sett no at du er genetisk meir disponibel som sprintar enn ein utøvar på langhekk?

– Eg er jo min fars son og har mykje muskelmasse å dra på. Problemet mitt har vore den siste 100 meteren, og den har eg eigentleg aldri fått taket på, seier han.

Fann sprintaren

Undervegs i arbeidet med å nå Rio, leverte Kjerpeset respektable sprinttider. Han tok dessutan fleire NM-gull i sprint. Det førte til at det vart fristande å prøve noko nytt. Framfor å lide for å bli betre på siste 100 meteren på langhekken vil han no dra nytte av grunnlaget frå langhekk-treninga til å bli ein betre avsluttar på 200 meter.

– Uansett korleis eg har vridd og vrengt på treninga dei siste tre åra så slit eg med å stå inn. Eg har alltid vore rask, når eg satsar på 400 hekk og er sekundet bak kvalifiseringa, men at eg samtidig er berre eit halvt sekund bak på 200 meter, og det har vist meg at eg kanskje vel så god på den distansen.

– Er du glad for at du no slepp treninga for å bli ein betre avsluttar på 400 meter hekk?

Grufull øving

400 meters hekk-prosjektet er eg på mange måtar glad for er over

Øyvind Strømmen Kjerpeset

– Ja. Vilkårslaus. Den siste 100 meteren er ekstremt smertefull og treninga som må til for å gjere det godt på slutten er fæl.

Når ein sprintar presser seg maks på slutten er det som å sprenge heile systemet. Vi får laktatverdiar som ikkje er foreinelege med liv. Har du slike laktatverdiar om du ligg på akutten, ja så er du døden nær. Det er sjeldan du kjem over 10 i laktat om du ikkje er toppidrettsutøvar. Henrik Ingebrigtsen har laktatverdiar på 18 som er veldig bra, men sprintarar kan ha opp mot 30 i laktatverdiear etter eitt 400-løp om dei gir alt. Det kan eg love deg er vondt, men du kjem ikkje unna det.

– Må det vere vondt?

– Ja, og det er noko av det verste du gjer. Du er avhengig av å vere så rask på ein 400 meter og då må du gjennom veggen på slutten. Trenar du for at 400 skal bli behageleg så blir du for treig, så det er ein håplaus distanse.

– Er det kjekkare å trene no?

– Ja. Det er gøyare å konkurrere i sprint også. 400 meter hekk var eit prosjekt eg er glad for at er over. Eg var rett nok skuffa i sommar då eg innsåg at eg ikkje klarte målsettinga. Men vi kan ikkje få til alt, og no tenker eg nytt.

Det er starten som blir Øyvind sitt svake punkt på 100 meter. Klarer han å forbetre starten er han sikker på at han vil kunne klare gode tider. EM-kravet på 200 meter er 21.00 og VM-kravet er 20.50. Klarer eg målet mitt om å perse i år så er eg med i EM. Er eg eit halvsekund bak på 200 meter så er eg nærare å hevde meg internasjonalt på 200 meter enn eg er på 400 meter hekk, seier Kjerpeset, som ikkje har målsettingar om å kjempe seg til meisterskap denne sesongen.

– Eg har slite litt i vinter. Eg opererte biholene og det treningsavbrekket var ikkje optimalt. Men no er eg i gang og skal ikkje klage. Eg har trent godt, så eg tar alt som kjem no som ein bonus og i slutten av august er planen å gjere det skarpt i NM, slår han fast. Skarpt i NM kan bety nok eit sprintgull for florøgutten. Men å bli den beste sprintaren i Norge er noko han ikkje vil gape over.

– Kan du bli betre sprintar enn Jaysuma «Jays» Saidy Ndure?

– Jays er ein av dei beste sprintarane gjennom alle tider. Stiller han på startstreken vil eg sjølvsagt prøve å springe frå han, men eg vil nok aldri føle at eg er ein betre sprintar enn han, seier han audmjukt om kameraten sin på landslaget.

For ein utøvar som har vore fire gonger under 20.00 på 200 og er på 9-talet på 100 så er det kanskje like greitt. Då er kameratskapet viktig og råda frå Jays gode å lytte til no når 25-åringen skal starte på sprintkarrieren si.

Artikkeltags