Regjeringa vil endre staffelova for å verne homofile

Av

Regjeringa vil endre straffelova slik at skeive personar sal få eit strafferettsleg vern mot diskriminerande og hatefulle ytringar.

DEL

Om få dagar sender regjeringa på høyring ein utgreiing om det strafferettslege diskrimineringsvernet. Der foreslår vi at kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet takast inn som nye diskrimineringsgrunnlag i straffelovas avgjerder, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Ho slapp nyheita om at regjeringa vil inkludere kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk som diskrimineringsgrunnlag i straffelova då regjeringa heldt sin mottaking i forbindelse med opninga av Pride-arrangementet. Og applausen lét ikkje vente på seg; lhbtiq-organisasjonane har venta på ein endring i straffelova som gir skeive personar eit vern mot diskriminerande og hatefulle ytringar.

– Dette er ikkje tatt med i dagens straffelov, og det ønskjer vi å endre for å styrke vernet mot diskriminering, seier Helleland.

Meir kunnskap

Ho vil også ha meir kunnskap om levevilkår og livssituasjonen for skeive i Norge og vil gjennomføre ein landsomfattande levekårsundersøking for lhbtiq-personar.

– Denne skal gi oss oppdatert kunnskap om levekår og livssituasjon for skeive i Norge. For det er berre kunnskap og forståing som gir oss grunnlag for å sette i verk dei tiltaka som verker og som gir resultat, seier statsråden.

Staseleg ramme

Onsdag ettermiddag opna statsminister Erna Solberg (H) dørene til regjeringas representasjonsbustad i Parkveien for Oslo Pride. Statsministeren var opptatt av haldningar og at mange blir støtt av homofile. Ho viste til undersøkinga som har avdekka at ein av seks menn ville flytta seg viss dei kom tett på ein homofil mann. Heile 20 prosent er negative til at homofile menn held hender offentleg.

– Vi kan ikkje ha det sånn, så vi har ein veg å gå når det gjeld haldningar, også her til lands, seier Solberg.

Artikkeltags