Gå til sidens hovedinnhold

Optimismen er tilbake

Artikkelen er over 18 år gammel

SVELGEN: – Vi merkar godt at folk er blitt meir optimistiske, det er ei heilt anna stemning i bygda no enn det var berre for eit halvt år sidan, seier Hilde Elvebakke som styrer butikken Byggeriet, midt i Svelgen sentrum.

Etter ein lengre periode med uvisse på verket og ei negativ utvikling elles i Svelgen, der ei rekkje verksemder avvikla drifta, var det ein stor dag då Omn 5 vart starta opp att i slutten av mars og dei permitterte tekne inn att i arbeid. Det verka som ei vitamininnsprøyting i heile lokalsamfunnet.

Satsar

I dag har svelgarane fått trua på framtida tilbake, og dei næringsdrivande i bygda vågar igjen å satse. I tillegg til ekteparet Vågene, som utvidar butikken sin i sentrum, slik Firdaposten skreiv om i førre veke, har Ytrehus Sag A/S sikra vidare drift av tidlegare Svelgen Byggmarked A/S.

– Det ligg ingen store endringar i dette. Vi overtok drifta og overtok leigeavtalen på lokala frå 1. september. Svelgen Byggmarked vart formelt avvikla frå same dato, fortel Bjørn Ytrehus i Ytrehus Sag A/S.

Idealisme

– Kanskje er det litt idealisme knytta til denne satsinga, men eg trur dei fleste tykkjer det er kjekt at drifta av butikken vert ført vidare, held han fram.

Hovudsatsinga blir måling og jernvare, men i butikken finn vi også ei interiøravdeling, med teppe, gardiner og andre utstyrsvarer.

– Vi satsar på å ha eit vareutval som dekkjer behovet til kundane, og med butikken her i sentrum som eit dotterselskap til Ytrehus Sag A/S, har vi heile spekteret av det folk treng når det gjeld nybygg, ombygging og oppussingsarbeid, seier Ytrehus vidare.

Til å styre butikken har han inntil vidare tilsett to damer, ei i heil stilling, og ei på deltid.