Oppsiktsvekkjande tilbakegang for Høgre

TILBAKEGANG: Høgre sin sensasjonelle tilbakegang på 11,5 prosent i siste meiningsmåling er dårleg nytt for Bjørn Hollevik (H). Det tyder at det er eit godt stykke att før det blir «2xBjørn på tinget». Foto: Dag Nesbø Frøyen

TILBAKEGANG: Høgre sin sensasjonelle tilbakegang på 11,5 prosent i siste meiningsmåling er dårleg nytt for Bjørn Hollevik (H). Det tyder at det er eit godt stykke att før det blir «2xBjørn på tinget». Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 6 år gammel

Trass i at regjeringsspørsmålet etter valet langt på veg kan vere avgjort, er det stor uvisse om kven som skal representere fylket vårt på tinget etter valet.

DEL

Kva veg valvinden vil gå i fylket, er eit ope spørsmål berre ei knapp veke før valet. Det er bildet som teiknar seg i Sentio Research si augustmåling for Firdaposten, Firda og Sogn Avis. Denne målinga syner at Høgre-vinden som lenge har blåse over fylket vårt, kanskje er i ferd med å stilne før stortingsvalet 9. september.

For Høgre, som ved siste måling gjekk fram med heile 6,8 prosent til 29 prosent av stemmene, går no attende. Som ein kontrast til dette, viser NRK si siste fylkesmåling at Høgre går fram og sit med 27 prosent av stemmene.

Men det er ikkje så reint lite Høgre tapar terreng i Sentio-målinga. Frå juni i år til august går dei nemleg attende med sensasjonelle 11,5 prosent til 17,4 prosent av stemmene, og er med det mindre enn både Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Høgre sin nedgang i Firdaposten si måling kan skuldast fleire ting. Både Høgre og Framstegspartiet har vore utsett for kraftig skyts frå dei raudgrøne i det siste, mellom anna når det gjeld nedlegging av fylkeskommunen og tvangssamanslåing av kommunar. I tillegg vart det sett spørjeteikn ved om Høgre når alt kjem til alt kjem til å stå på konsesjonsvilkåra til Statoil på oljebasen.

For framstegspartiet går også attende. Med berre 11 prosent av stemmene, er partiet blitt nærast marginalisert i fylket. Om denne målinga slår til, er Krf større enn Frp. Krf sit med 11,4 prosent av stemmene, fram 4,6 sidan juni.

Til samanlikning går Arbeidarpartiet fram med 4,3 prosent og sit med 26,6 prosent av stemmene i august. I juni, då Høgre var størst i fylket, sat Ap på 22,3 prosent av stemmene.

Men også samarbeidspartnar Senterpartiet har klart å mobilisere. Senterpartiet går fram 2 prosent frå juni til august i kommunalminister Liv Signe Navarsete sitt heimefylke. Ho sit no med 19,6 prosent av stemmene og ligg an til å få fast arbeidsplass på Stortinget også etter valet.

SV derimot, går ytterlegare attende her vest. Frå juni til august gjekk partiet attende 0,3 prosent til 4,2 prosent i Sogn og Fjordane.

Sentio-målinga syner dessutan at Venstre og Sveinung Rotevatn sit med eit svært usikkert utjamningsmandat.

Artikkeltags