Opprykk for Kjerpeset

Artikkelen er over 13 år gammel

Jan-Erik Kjerpeset (34) frå Bremanger er tilsett som ny viseadministrerande direktør i Sparebanken Vest. Kjerpeset er busett i Bergen.

DEL

Tidlegare var Kjerpeset marknadsdirektør i same banken. I tillegg til å vere viseadministrerande direktør skal Kjerpeset leie ei ny avdeling i banken med ansvar for forretningsutvikling, marknad og økonomi.

Jan Erik Kjerpeset har vore marknadsdirektør i Sparebanken Vest i Bergen sidan 2003. Han er utdanna sivilmarknadsførar frå Norges Markedshøyskole, samt MBA frå Harriot Watt University og Executive MBA i Merkevareleiing frå NHH.

Han har tidlegare røynsle frå stillinga som marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Artikkeltags