Oppmuntra av Eikefjord


HUMØRSPREIAR: Geir Styve demonstrerte sosiale antenner frå Meldal for eikefjordingane. Mest inntrykk gjorde nok oppfinninga hestelortsprettert.

HUMØRSPREIAR: Geir Styve demonstrerte sosiale antenner frå Meldal for eikefjordingane. Mest inntrykk gjorde nok oppfinninga hestelortsprettert. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

«Humørbonden» Geir Styve skapte god stemning mellom bøndene i Eikefjord onsdags kveld

DEL

Dei lune åtaka på syting og bygdedyret, og den sterke støtta til dei kreative, småslentrande og galne optimistane fall absolutt i smak.

Eikefjord bondelag med forbundsfellar samla eit femtitals medlemmer til møtet med humørspreiaren frå Hjelmås utanfor Bergen.

Styve er mannen som vart landskjend for å ha søkt patent på omgrepet «humørbonde». Han har òg sett i gang humorfestival og verkeleg skapt nytt liv i si eiga heimegrend.

I Eikefjord fann Styve fort ut at han hadde komme til ei bygd med mange personar som har mykje av den kreative galskapen som han no reiser land og strand rundt for å inspirere til.

Den enkle oppskrifta er å takle all fortviling med muntre midlar.

– Humør, fantasi, ein viss porsjon galskap og handlingsmot er det som skal til.

Artikkeltags