Forskarar slår alarm: Lusegifta farlegare enn kva vi trudde

MÅ SEIE STOPP: Forskarar meiner no staten må setje foten ned for bruk av stoffet hydrogenperoksid som avlusingsmiddel på oppdrettslaks. Dei miljømessige konsekvensane er større enn kva ein først trudde, viser ny forsking.

MÅ SEIE STOPP: Forskarar meiner no staten må setje foten ned for bruk av stoffet hydrogenperoksid som avlusingsmiddel på oppdrettslaks. Dei miljømessige konsekvensane er større enn kva ein først trudde, viser ny forsking. Foto:

Av

FLORØ: Over 120.000 tonn med avlusingsmiddel er dumpa i norske kystområde på få år. No åtvarar forskarane på vegner av miljøet, og særleg for skaldyr som reker.

DEL

– Halvparten av rekene døydde då dei fekk to timar eksponering av 100 gonger uttynna oppløysing i forhold til det som blir brukt i oppdrett, altså 15 milligram per liter, seier seniorforskar Renée Bechmann ved forskingsinstituttet IRIS, ifølgje avisa Nationen.

Det er stoffet hydrogenperoksid forskarar no meiner ein har undervurdert dei miljømessige negative konsekvensane ved. Ny forsking viser at middelet gjer stor skade sjølv i uttynna form, og at ein finn att hydrogenperoksid i sjøen fleire kilometer frå dei områda som er peika ut som dumpingområde for stoffet.

Bechmann meiner staten no må setje foten ned for bruk av stoffet, som også er rekna som det mest miljøvenlege av kjemikaliane ein nyttar i kampen mot lakselusa.

Artikkeltags