Opnar "Stad skipstunnel"

Rikke Lind, her under eit tidlegare besøk i Florø

Rikke Lind, her under eit tidlegare besøk i Florø Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet opnar i dag ein modell av skipstunnelen på fiskerimessa Nor-Fishing.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Under Nor-Fishing 2012 i Trondheim tysdag 14. august vil den nytilsette generalsekretæren i Redningsselskapet foreta offisiell opning av «Stad skipstunnel».

På utstillinga til Sogn og Fjordane Fylkeskommune er det bygd ein modell av skipstunnelen – og det vil bli markert at mange menneskeliv kan bli redda dersom ein tunnel vert realisert snarleg. Les meir om Nor-Fishing:

Set søkjelys på skipstunnel

Tryggleik for fiskarar og båtfolk blir sett i fokus når den nye generalsekretæren i Redningsselskapet opnar modellen av tunnelen.

Lind går rett inn i kampen for Redningsselskapet sine kjerneverdiar om å redde liv, når ho som ei av sine første oppgåver velger å markere betydninga av ein trygg sjøfart rundt det vêrharde og farlege Stadlandet ytterst i Sogn og Fjordane.

Rikke Lind kom nyleg frå jobben som statssekretær i Nærings- og Handelsdepartementet til Redningsselskapet. På Fiskerimessen opnar ho ein modell av Stad skipstunnel, som det har vore kjempa for å realisere i mange tiår.

Ved sidan av næringslivet, er det fiskarar og småbåtfolk som sterkast ønskjer ein tunell gjennom Stadhalvøya lengst vest i Norge. Gjennom århundre har det gått hundrevis av menneskeliv tapt på det verharde kystområdet. Med tanke på kva tunnelen vil bety for samferdsel og miljø er det ikkje tvil om at dette er et samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.

Redningsselskapet har utført redningsdåder på dette havstrekket så lenge selskapet har eksistert. No tar den nye generalsekretæren fatt på oppgåva med å redde liv gjennom kampen for å få bygd Stad skipstunnel, melder selskapet.

Artikkeltags