Opnar ny blomsterbutikk

Artikkelen er over 13 år gammel

SVELGEN: Med kjempetilbod på roser og orkidear ønskjer Mona Strand Sagmo fredag bygdefolket i Svelgen velkomne til opninga av Svelgen Blomster & Gaver AS.

DEL

Svelgen har vore utan blomsterbutikk sidan i september, då Aina Alfredsen Førde måtte stenge dørene til Aina’s Blomster og Gaver av helsemessige årsaker. Men i morgon kan gamle og nye blomsterkundar igjen kjøpe potteplantar, bukettar , oppsatsar, kransar og elles alt anna som er å finne i ein blomsterbutikk. I tillegg tilbyr Mona Strand Sagmo også gåveartiklar av ulikt slag, samt bøkene til Selja Forlag.

– Vi følgjer det same konseptet som den førre blomsterbutikken hadde, med hovudvekt på blomster, men med eit litt anna vareutval elles, fortel Sagmo.

Hektisk innspurt

Då Firdaposten var innom butikken tre dagar før opninga, var det enno hektisk aktivitet for å bli ferdig. Hyller skulle monterast, nips og pynteting skulle pakkast ut og plasserast, kortterminalen skulle koplast opp, berre for å nemne noko. Men med god hjelp frå familie og vener trur Mona at det meste, også eit bugnande utval av blomster, skal vere på plass når fredagen kjem.

– Eg er veldig spent på korleis butikken vil gå, men eg håpar eg skal få det til, for dette er noko eg verkeleg har lyst til, seier ho.

At ho blir rik av å drive blomsterbutikk trur ho ikkje, men ho har som mål å kunne livnære seg av den.

Gler seg til opninga

Det var på seinsommaren i år at Mona Strand Sagmo bestemte seg for å satse på eigen blomsterbutikk. Som ekstrahjelp i den førre blomsterbutikken, visste ho at den kom til å bli lagt ned. Ho fekk med seg i alt sju interessentar frå handelsstanden og næringslivet elles i Svelgen, og etablerte Svelgen Blomster & Gaver AS. I haust har ho i ni veker kursa seg hos ”Binderiet” i Oslo, der ho har lært blomsterbinding både for høgtid og sorg.

– Eg har alltid likt å styre med blomster, og gler meg verkeleg til å komme i gong, fortel ho.

Artikkeltags