Opnar IT-senter

Heidi Grande Røys.

Heidi Grande Røys.

Artikkelen er over 12 år gammel

Heidi Grande Røys opnar eit innovativt IT-driftssenter i Måløy den 27. mars.

DEL

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys kjem til Måløy torsdag 27. mars for å opne Norges første 100 prosent virtualiserte og miljøvennlige IT-driftssenter for SMB-markedet – LocalHost.

- Vi er glade og stolte over at IT-statsråd Grande Røys har takka ja til å stå for opninga av IT-driftssenteret, seier dagleg leiar i LocalHost, Sindre H. Kvalheim.

Miljøvennleg og virtuelt

LocalHosts driftssenter ligg i Måløy og har blitt til gjennom omfattande FoU-innsats fra grunderane bak LocalHost. I tillegg til oppbygging av eit unikt, fullt ut virtualisert driftsmiljø har LocalHost utvikla eit nytt system for å kjøle serverparken med sjøvatn. Det reduserer energikostnader og straumforbruk til serverparken dramatisk.

Artikkeltags