Opnar Berleporten

Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Inngangen til Berletunnelen blir no skikkeleg merkt.

DEL

Med store metallbokstavar blir dei bilfarande no ønskt velkomne gjennom Berleporten.

I ein mail frå Aage Gudnitz Skarrud har vi fått tilsendt ein fotomontasje over korleis tunnelinnganen blir sjåande ut etter 6. juni. Det er nemleg då metallbokstavane skal monterast på plass over tunnelen.

– Dette er eit prosjekt igangsett av utflytta berlarar, som ønskjer å heidre heimbygda vår med ei gåve, skriv Skarrud i mailen.

Gåva har ein verdi på om lag 30.000 kroner, og vil bli offisielt overrekt til Berle Grendalag laurdag 6. juni. Ordføraren i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, skal føreta «nyopninga» av Berleporten.

Artikkeltags