Musikksjefen ved Opera Nordfjord, Michael Pavelich, er hyra inn som dirigent. Konserten vert halden om kvelden.

Akkompagnementet er av den russiske pianisten Lena Chalniva Surnes.

– Hittil har vi mellom 80 og 100 songarar påmelde, smiler kultursjef Edvin Helgheim.

Jomentum glimrar forståeleg nok med sitt fråvær, etter å ha avslutta turné sist helg, men elles er dei stort sett samla alle: Vestklang, Kinn Kyrkjekor, Brandsøykoret, Koriander frå Eikefjord, eit samansett kor frå Stavang, Standal og Steinhovden og eit kor frå øyane.

I lag skal dei saman med solistar, mellom anna Brigt Samdal og Kristin Skau, framføre bitar av Flaggermusen, La Traviata, Brudekjøpet og Slavekoret frå Nebukadnesar.

– Storkommunen Flora er 40 år – dette blir òg eit forsøk på å samle kommunen musikalsk. Det er òg eit høve til å vise den store breidda i korlivet i Flora, seier Helgheim, som oppmodar andre songglade menn om å verte med, om dei har lyst.