Inviterer til verdikafé med musikk i eldreomsorga som tema

Audun Myskja: Kjem til Florø for å snakke om musikk i eldreomsorga.
FOTO: Ulrikke G. Narvesen

Audun Myskja: Kjem til Florø for å snakke om musikk i eldreomsorga. FOTO: Ulrikke G. Narvesen

FLORØ: Torsdag kveld inviterer omsorgstenesta til verdikafé på Samfunnshuset. Temaet er song og musikk i eldreomsorga.

DEL

Audun Myskja er lege, spesialist i allmennmedisin, og har ein doktorgrad i korleis ein kan bruke musikkterapi i behandlinga av demente. Han har i mange år jobba for å få song og musikk inn som eit sjølvsagt element i eldreomsorga, og har mottatt Den norske legeforings kvalitetspris for arbeidet sitt. Torsdag kjem han til samfunnshuset for å vere med på verdikafé.

Opent for alle

Verdikafé er eit initiativ frå omsorgstenesta, og ein del av deira etikkarbeid. Det er tenkt som eit ope møte der ein innleiar til eit tema som deltakarane kan ha ein dialog rundt. Torsdag kveld kjem altså Audun Myskja på besøk for å halde foredrag, og Leni Klakegg og Jorunn Bakke Nydal innleiar til samtale om kva rolle song og musikk har, eller kan ha, i eldreomsorga. Klakegg har ansvaret for etikkarbeidet i omsorgstenesta i Flora kommune, medan Nydal er musikkterapeut.

Arrangementet er gratis, ope for alle, og er du interessert i musikk, pårørande, eller tilsett i kommunen er du hjarteleg velkommen.

Artikkeltags