Anders skal hjelpe det danske alpinlandslaget til suksess

Dansk OL-håp: Sunnfjordingen Anders Neteland (t.v) og det danske alpinlandslaget, Christopher Faarup (t.h) går for topp 20 i OL

Dansk OL-håp: Sunnfjordingen Anders Neteland (t.v) og det danske alpinlandslaget, Christopher Faarup (t.h) går for topp 20 i OL Foto:

Det danske alpinlandslaget måtte sjå til Sunnfjord då dei skulle finne seg ein trenar under OL i Pyeongchang.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dei olympiske leikane er i gong i Pyeongchang i Sør Korea. Norske utøvarar kjemper om gull og medaljar på fleire frontar, mellom anna i alpint, der Aksel Lund Svindal, Kjetil Jansrud og Henrik Kristoffersen er venta å kunne kjempe om edelt metall. Men sjølv ikkje i OL slepp ein unna danskar i løypa. Det danske alpinlandslaget stiller med to mann i OL. Med seg som trenar har dei Anders Neteland, som til dagleg jobbar i Nordea i Florø og Førde.

Trenar i skiforbundet

– Eg er berre med no under OL. Eg var trenar i skiforbundet tidlegare, og der var eg trenaren til Christopher Faarup. Det er han som eigentleg er det danske alpinlandslaget. Eg er meir ein tilretteleggar enn trenar. Eg ordnar med det praktiske og legg til rette slik at Christopher kan konsentrere seg om å køyre på ski. Han veit godt sjølv kva han må gjere.

Faarup er 24 år gammal, og har eit mål om å bli verdas beste alpinist. Det er eit ganske håret mål, som er vanskeleg å gjennomføre med base i Danmark. Faarup flytta difor til Norge allereie som 14-åring for å forfølge draumen. Han køyrer både storslalåm og slalåm, men det er fartsdisiplinane utfor og super-G som er favoritten. Tidlegare trente han med det norske universitetslaget, og det nordiske Europacup-laget. No trenar han med det svenske alpinlandslaget, men han har heldt kontakten med Neteland.

– Det er slik at nokon «klikkar» ein betre med enn andre. Eg kjenner Christopher godt, og vi har god kontakt. Eg er nok med til OL like mykje som kompis som trenar.

Feil bror i OL

Anders Neteland har altså gitt seg som skitrenar, og fått seg karriere innan finans. Han er bror til alpinisten Bjørnar Neteland som nok også gjerne skulle ha vore i OL. Slik gjekk det ikkje. Trass i fleire gode resultat i fjorårssesongen, klarte han likevel ikkje å kjempe seg inn på det norske OL-laget denne gongen.

– Ja, det er på ein måte feil bror som er i OL. Han skulle sjølvsagt gjerne vore her han også, men det er ganske tøft å komme inn på det norske alpinlandslaget.

– Korleis er stemninga i familien? Er han bitter for at du fekk dra ned, og ikkje han? De snakkar framleis saman?

– Jada, han synest berre det er kult at eg er her. Det er god stemning!

– Kor god er Christopher Faarup? Kva er målet i meisterskapen?

– Målet er ein topp 20-plassering.

– Er det realistisk?

– Ja, vi får nå sjå da, men det trur eg. Han var inne på topp 30 tre gonger under VM i St. Moritz i 2017, og vi satsar på at han klarer å forbetre seg litt i år. Det er eit ganske hårete mål, men eg har trua.

Faarup skal i elden første gong i superkombinasjonen, tysdag den 13 februar, klokka 03.30. Andre omgang går klokka 07.00. Utforrennet går klokka 03.00 på torsdag den 15 februar. Her er det berre å sette på vekkarklokka, stå opp, sette på kaffien, og heie på Danmark. I år er Faarup litt vår mann også.

Danske medaljer i Vinter OL

Sølvmedalje i Curling under OL i 1998 i Nagano

Artikkeltags