Oljerøyret sender olje for milliardar til Mongstad

Gigantfratøyet Saipem Castorone har lagt det 283 kilometer lange oljerøret på havbunnen mellom Mongstad og Johan Sverdrup-feltet. FOTO: BO B. RANDULFF/ROAR LINDEFJELL/WOLDCAM

Gigantfratøyet Saipem Castorone har lagt det 283 kilometer lange oljerøret på havbunnen mellom Mongstad og Johan Sverdrup-feltet. FOTO: BO B. RANDULFF/ROAR LINDEFJELL/WOLDCAM

Av

I fleire tiår skal olje for fleire hundre millionar kroner dagleg strøyme gjennom oljerøyret frå Johan Sverdrup-feltet til Mongstad.

DEL

I slutten av april starta fartøyet Saipem Castorone arbeidet med å legge det 283 kilometer lange røret. Arbeidet starta på Mongstad og fortsette ut i Fensfjorden. Sakte men sikkert er røret lagt på havbotnen til Johan Sverdrup-feltet, 283 kilometer ute i Nordsjøen. I førre veke var arbeidet ferdig, melder ba.no.

– Oljerøyret utgjør ein sentral brikke i Johan Sverdrup-puslespelet. Når Sverdrup-feltet produserer for fullt, vil 660.000 fat olje til ein verdi av meir enn 350 millionar kroner kvar einaste dag strøyme inn til Mongstad, seier ansvarleg for undervannsaktivitetar, straum og røyrleidningar i Johan Sverdrup-prosjektet, Geir Bjaanes, i ein melding frå Equinor.

Krana på Mongstad vart kondemnert i 2006, så sjøfolka måtte bera 2,3 tonn med såpe om bord i skipet som låg til kai 

Når arbeidet med oljerøyret nå er ferdig, gjør Saipem Castorone seg nå klar til å legge gassrøyrleidningen, som skal gå frå Sverdrup-feltet til Statpipe, kor gassen frå feltet etter kvart skal gå til Kårstø. Røyrleggingsarbeidet vil etter planen vere ferdig i løpet av hausten, heiter det i meldinga.

Første fase av Johan Sverdrup-feltet ventast å vere i produksjon i løpet av november 2019.

Sverdrup-utbygginga blir billigare enn venta – og vil gi meir olje 

Artikkeltags