Nova-utbygging til 10 milliardar blir forsynt frå Florø

Tilrådd utbyggingsløysing for Nova, ser ein knyter subseainstallasjonane opp mot Engie si Gjøa-plattform. Illustrasjon: Wintershall.

Tilrådd utbyggingsløysing for Nova, ser ein knyter subseainstallasjonane opp mot Engie si Gjøa-plattform. Illustrasjon: Wintershall.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Nova-feltet, tidlegare Skarfjell, ligg heilt nord i Nordsjøen og Wintershall har no levert ein plan for utbygging av feltet, melder sysla.no.

Feltet skal vinnast ut gjennom ein subseainstallasjon på havbotnen, som skal knytast opp mot Gjøa-plattforma, 16 kilometer mot nordaust. Investeringskostnadane var i konsekvensutgreiinga rekna til 13,2 milliardar, men er no berekna til 9,9 milliardar.

Direktør Hugo Dijkgraaf opplyser at det vil bli behov for ekstra base-tenester undervegs i utbyggingsprosessen, og i samband med vedlikehald, og at forsyningsbasen for Nova-feltet vil ligge i Florø.

Dei utvinnbare ressursane er berekna til 80 millionar fat, og i følje olje- og energiminister Terje Søviknes er det forventa at prosjektet skal sysselsette 9900 årsverk i Norge i samband med utbygging og drift.

Artikkeltags