– Finst ikkje sterkare distriktsverkemiddel enn olje og gass

Olje og energiminister Terje Søviknes boltrar seg på Gjøa

Olje og energiminister Terje Søviknes boltrar seg på Gjøa Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Olje og energiministeren møtte politikarar og næringslivstoppar i Florø torsdag.

DEL

Terje Søviknes vitja Gjøa torsdag formiddag. Seinare på dagen møtte han ordførar Ola Teigen, fylkesordførar Jenny Følling, og representantar for oljeselskapa til eit møte på Fjord Base. Ministeren var opptatt av å formidle at det framleis er ei framtid for olje og gass-næringa.

– I Norge har debatten blitt slik at anten er du for olje, eller du er for å redde kloden, men det er ikkje slik røynda er. Det er mogleg å gjere begge deler. Verdas energimiks vil innehalde olje i mange år framover. Vi må satse mykje på fornybar energi, det er rett, men vi må framleis investere i olje også. Volumet skal nok ned, men framtida ser bra ut. Dei som er flinke til å kutte kostnadar kjem til å gjere det bra, og her meiner eg at norsk sokkel har gode føresetnader.

Distriktspolitisk perspektiv
Søviknes meinte at det distriktspolitiske perspektivet ved olje og gassverksemda var blitt borte, og meinte det var på tide at det fekk ein større plass i debatten i framtida.

– Det finst ikkje eit sterkare distriktspolitisk verkemiddel enn olje og gass. Du kan bu kvar som helst i landet, og jobbe på plattform. Det er på tide å reise det distriktspolitiske i debatten om olje. Se på Sverige, seier folk, dei har jo klart seg bra utan olje. men sentraliseringa i Sverige er mykje sterkare enn hos oss. Dei har ikkje hatt råd til noko anna. Hos oss er olja med å skape arbeidsplassar og inntekter som gjer at vi kan satse på distrikta i ein heilt annan skala enn vi elles kunne gjort.

Samfunnskontrakten
Stortinget skal vedta plan for utbygging på Snorre-feltet våren 2018. I tillegg er det og venta plan for utbygging og drift av Skarfjell-feltet som kan verte knytt direkte til Gjøa-plattforma. Fylkesordførar Jenny Følling sa at eventuelle utbyggingar vil bety mykje for fylket, og kravde at det måtte synast att i fleire kompetansearbeidsplassar og auka næringsutvikling i Flora-området. Søviknes hadde som venta lite konkret å love i den retning.

– Eg kan ikkje seie noko no. Det ville gjere meg inhabil i det vidare arbeidet med dette, men eg lyttar, og eg merker meg det som blir sagt. Eg er veldig opptatt av at samfunnskontrakten blir halde ved lag. Auka aktivitet på sokkel skal gje auka aktivitet og ringverknader på land.
 

Pragmatisk
Ordførar Ola Teigen sa seg fornøgd med møtet med ministeren.

– Eg opplever Søviknes som ein flink minister som er distriktsvennleg. Eg trur tidlegare ordførarar i slike regjeringspostar er bra. Dei er gjerne meir pragmatiske, og ikkje så opptatt av det politiske spelet. Dei veit kor skoen trykker i kommunane.

Artikkeltags