Skuffande oljefunn nordvest for Gjøa

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Boreriggen Songa Enabler» og Spirit Energy er ifølge Petro.no i ferd med å avslutte boringa av Tethys-brønnane 35/9-13 og 35/9-14 og avgrensingsbrønn 35/9-14 A på Måløy-skråninga i Nordsjøen. Dette ligg vel seks kilometer nordvest for Gjøa-feltet.

Den andre brønnen, kalla 35/9-14 viste seg å innehalde olje, men ikkje så veldig mykje. Førebels reknar ein med at funnet er på mellom 2 og 6 millionar fat. 35/9-14 A viste seg å vere tørr.

Ifølge Oljedirektoratet skal dei som eig funna no evaluere dei opp mot andre prospekt i området, men førebels er ikkje funnet lønsamt.

Artikkeltags