Grønt lys for Nova sikrar meir aktivitet i Florø

Konserndirektør Geir Johannessen i INC Gruppen.

Konserndirektør Geir Johannessen i INC Gruppen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Olje- og energidepartementet har godkjent plan for utbygging og drift av Nova-feltet.

DEL

Wintershall får bygge ut Nova-feltet, 17 km sørvest for Gjøaplattforma. Det opplyser operatørselskapet i ei pressemelding måndag morgon. Olje- og energidepartementet har godkjent plan for utbygging og drift av feltet. Første olje er venta i 2021. I alt er feltet rekna til å innehalde kring 80 millionar fat olje og noko gass. Forventa levetid for feltet er kring 10 år.

Knytt til Gjøa

Den godkjende utbyggingsløysinga for Nova består av to havbotnsrammer som blir knytt opp mot Gjøa-plattforma. Her blir oljen prosessert før den blir transportert til Stureterminalen og terminalen i St. Fergus. Gjøa skal også levere straum, løftegass til Nova-feltet og vanninjeksjon.

– Denne berekraftige utbyggingsløysinga er ein vinn-vinn-situasjon: I staden for å bygge ein ny installasjon (plattform, journ. anm) vil tilknytinga til Gjøa spare kostnader. Samstundes blir den økonomiske levetida på den eksisterande infrastrukturen forlenga, skriv Wintershall i pressemeldinga.

Men det er også godt nytt for oss her i Florø. Saga Fjordbase AS skal levere alle basetenester til Wintershall under produksjonsboringane for Nova, noko som er med på å auke aktivitetsnivået på basen. I denne perioden vil all lagring av materiell og forsyning av røyr og materiell til boreriggen gå frå Florø. Det tyder at forsyningsbåtar kjem til å gå i skytteltrafikk mellom Fjord Base og boreriggen heile tida. Det igjen fører til auka behov for overnatting for mannskap i Florø, i tillegg til at det kjem fleire passasjerar via lufthamna her.

Auka aktivitet

Forsyning til skipa vil også bli gjort i Florø. Kontrakten gjer også at Saga Fjordbase vil gå til innkjøp av tredjepartstenester hos andre underleverandørar i byen. Kontrakten kan også føre til at ein må bygge fleire varehus på basen.

– Det at Nova går frå Florø fører til at eit nytt oljeselskap kjem til Florø, og dei vil nytte Fjord Base til alle aktivitetar i samband med Nova og Vega. Vi håper at dette blir eit langsiktig samarbeid med Wintershall, seier konsernsjef Geir Johannessen i INC Gruppen.

Saga Fjordbase er allereie i gang med å rekruttere fleire tilsette.

– Vi har tilsett fire nye personar i Saga Fjordbase sidan sommaren. Måndag var første dag på jobb for administrerende direktør Erlend Toftesund. Og mot slutten av oktober vil vi halde eit strategimøte for å sjå på behovet for fleire tilsette for å kunne ta unna auken i aktivitet framover, seier Johannessen og strekar under at Florø transportarbeiderlag (FTA) vil stå for ein del av det auka behovet av arbeidskraft.

Nova og Vega:

Nova-feltet:

  • Funnen i 2012 og inneheld 80 millionar fat olje og noko gass.
  • Ligg 17 km sørvest for Gjøa-plattforma på 370 meters djupne.
  • Blir bygd ut med to rammer på havbotnen med tre produksjons- og tre injeksjonsbrønnar.
  • Olje og gass lir transportert gjennom røyrleidningar til Gjøa for prosessering og vidaretransport til høvesvis Sture og St. Fergus.
  • Produksjonstida er 10 år.

Vega-feltet:

  • Består av tre funn som vart gjort i 1980, 1982 og 1987.
  • Ligg 28 km sørvest for Gjøa-plattforma.
  • Inneheld hovudsakleg gasskondensat, men også litt olje.
  • Wintershall overtok feltet som operatør i mars 2015.

Artikkeltags