Skal bore ny brønn på Knarr, men allereie no planlegg dei å stoppe produksjon

Petrojarl Knarr vert drifta frå oljebasen i Florø.

Petrojarl Knarr vert drifta frå oljebasen i Florø. Foto:

DEL

Norske Shell har søkt Miljødirektoratet om løyve til å bore ein ny produksjonsbrønn på Knarr-feltet som skal knytast opp mot produksjonsskipet «Petrojarl Knarr». Det skriv Petro.no.

Det er «Borgland Dolphin» som skal bore brønnen, og det skal dei byrje med 1. februar neste år. Boringa vil ta kring 65 dagar.

Knarrfeltet ligg 410 meter under havflata nordvest for Florø, og blei funnen i 2008. Produksjonen tok til i mars 2015. No ser det ut som om det heile snart er over. «Opphør i produksjonen er ventet i løpet av første halvdel av 2020-tallet. På vegne av rettighetshaverne har Shell derfor startet en prosess for å planlegge avslutning av driften på feltet og sluttdisponering av innretningene», skriv Norske Shell i eit ferskt konsekvensutgreiingsprogram som Petro.no viser til.

Artikkeltags