Engie fann meir olje enn dei først rekna med

Nærme Florø: Cara-prospektet ligg 55 kilometer frå kysten, berre 10 kilometer aust for gjøaplattforma.

Nærme Florø: Cara-prospektet ligg 55 kilometer frå kysten, berre 10 kilometer aust for gjøaplattforma. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I september 2016 fann Engie E&P først gass, deretter olje i Cara-feltet 55 km frå kysten. Då rekna ein at prospektet inneheldt mellom 25 og 70 millionar fat olje. I ei pressemelding torsdag, skriv Engie at dei no har oppjustert desse tala ein del.

– Sidan funnet blei gjort i 2016 har vi analysert nye data innhenta under boring og testing av brønnen. Dette har ført til ei oppjustering av voluma, noko som igjen gir oss betre økonomi og eit meir robust feltutbyggingsprosjekt, seier prosjektleiaren for Cara, Siri Lunde i ENGIE E&P.

ENGIE E&P reknar no med at ressursane i funnet er i på mellom 9 og 15 millionar standard kubikkmeter (MSm3) oljeekvivalentar. Det svarar til mellom 56 og 94 millionar fat.

Denne veka tok Cara-lisensen ein såkalla «Beslutning om konkretisering» (BoK). Dette er milepælen norske petroleumsstyresmakter bruker for å fastslå om eit prosjekt let seg gjennomføre. I denne fasen har rettshavarane identifisert minst eitt teknisk og økonomisk gjennomførbart konsept som gir grunnlag for å starte studiar som skal leie fram til konseptval innan 1. november 2018. Det tilrådde konseptet inneber tilknyting til ENGIE E&Ps opererte Gjøa-plattform.

Oppstart av produksjon på Cara-feltet blir etter planen seint i 2020/2021.

Artikkeltags