Bora forgjeves ved Gjøa

RWE: Det tyske storkonsernet RWE har tidlegare funne store mengder olje på Titanfeltet vest av Gjøa. Her informerte geolog og leitesjef John Clark i RWE om dette funnet i Florø i 2011. Foto: David E. Antonsen.

RWE: Det tyske storkonsernet RWE har tidlegare funne store mengder olje på Titanfeltet vest av Gjøa. Her informerte geolog og leitesjef John Clark i RWE om dette funnet i Florø i 2011. Foto: David E. Antonsen.

Artikkelen er over 4 år gammel

Dei fann spor av petroleum, men kallar brønnen for tørr.

DEL

RWE Dea Norge gjorde ei prøveboring ved Gjøa-feltet, i det såkalla Atlas-prospektet i Nordsjøen. Boringa blei gjort 20 kiilometer sørvest for Gjøa, kring 80 km frå Florø-kysten.

Dette er den fjerde leitebrønnen i dette utvinningsløyvet frå 2006. Boringa gjekk heilt ned til 3500 meter under havflata i Rannock-formasjonen.

Brønnen blei permanent plugga igjen og forlatt.

RWE Dea er eit av Tysklands største leite- og produksjonsselskap innan olje og gass. Selskapet har stor internasjonal aktivitet og i tillegg kommersiell gasslagring i Tyskland. I regnskapsåret 2012 var driftsinntektene på 685 millionar Euro.

Bedrifta jobbar med prosjekt i Tyskland, Norge, Egypt, Danmark, Storbritannia, Libya, Algerie, Mauritania, Marokko, Polen og Turkmenistan.

RWE Dea er ein del av RWE-gruppa som er eit av Europas leiande elektrisitet- og gasselskap.

Artikkeltags