Gå til sidens hovedinnhold

Nimilliardars Snorre-kontrakt gir industrien i Florø store moglegheiter

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag vart planen for Plan og utvikling og drift av Snorre Expansion Project (SEP) overlevert til styresmaktene.

Det var få overraskingar som ligg i Plan for utbygging og drift (PUD) for Snorre Expansion Project, i alle fall for Florø sin del. I denne ligg det at all forsyning til Snorre kjem til å gå frå Florø, også under brønnboringsfasen. Snorre Expansion planlegg produksjonsstart i 2021, og vil bli drifta og haldt ved like av den eksisterande Snorre-organisasjonen i Stavanger.

I denne første fasen vil det skape betydeleg aktivitet innan alt frå røyrhandsaming til mat og boreveske i Florø. 

– No blir hovudforsyningsbasen for all logistikk til Snorre i Florø. Med dette sikrar vi at den høge aktiviteten her blir vidareført framover. Det er også gledeleg at all helikoptertrafikken til og frå Snorre under denne første fasen skal gå frå Florø lufthamn. Det skapar ein del aktivitet for næringslivet i byen, mellom anna for hotella, seier Døsen.

Det skal borast 24 brønnar på feltet i den kommande tida. Det vil skape meir aktivitet på basen, fortel Statoil sin forsyningssjef i Florø, Sigurd Øistein Døsen til Firdaposten torsdag morgon. Då hadde han invitert samarbeidspartnarane til Statoil sitt florøkontor, for å feire at PUD-ein for SEP var levert inn.

I utgangspunktet vil denne første aktivitetsauken halde fram til 2023, då prosjektet etter planen skal vere ferdigstilt. Etter dette, går Statoil attende til den allereie eksisterande PUD-ein for Snorre, som seier at Florø er hovudforsyningsbase for feltet. Allereie i dag forsyner miljøet på Fjord Base Snorre A, Snorre B og Visund. Og det har ein del å seie for desse at Statoil skal halde fram med aktivitet her i Florø, i og med at selskapet står for 85 prosent av aktiviteten ved Fjord Base og er grunnlaget for at andre selskap som Engie og Shell også er her.

– Dette er i realiteten startskotet for moglegheitene som ligg her. I samarbeid med Maritim Forening vil vi invitere til ein leverandørkonferanse i månadsskiftet januar/februar, der leverandørar kan melde sin interesse for dei ulike kontraktane som kjem i kjølvatnet av PUD-ein. I dette arbeidet blir Maritim Forening veldig viktig for oss, streka Døsen under.

Analysar Agenda Kaupang har gjort for Statoil viser at om lag 23.000 årsverk vil vere sysselsett i Norge i prosjektfasen med Snorre Expansion.

Snorre Expansion project er ei omfattande havbotnsutbygging med ei kostnadsramme på 9 milliardar kroner. Det er det største prosjektet på sokkelen når det gjeld å auke utvinningsgraden til eit oljefelt. Som ein konsekvens av SEP vil utvinningsgraden for feltet auke frå 46 til 51 prosent, noko som svarar til kring 200 millionar fat ekstra.

Opphavleg var levetida for Snorre-feltet rekna til mellom 2011 og 2014, men no er det forventa at Snorre vil produsere utover 2040. Det tingar at forsyninga, etter alle solemerke, vil gå ut frå Florø fram til minst 2040.

Snorre-feltet

  • Snorre-feltet vart funne i 1979, og produksjonen starta i 1992.
  • Snorre er ein gigant i Nordsjøen, og eitt av felta som har størst reserver att av Statoil sine oljeproduserande felt på norsk sokkel.
  • Forventa produksjon ved innlevering av PUD var 750 millionar fat olje. Fram til no har Snorre-feltet produsert 1,4 milliardar fat olje.
  • Det vil bli bora 24 brønnar: 12 produksjonsbrønnar og 12 injeksjonsbrønnar. Røyra til desse kjem frå Florø.
  • Det skal byggast seks havbotnsrammer til feltet.
  • Oljen vil bli teken ombord Snorre A.

Kommentarer til denne saken