Ifølgje dei siste berekningane Sintef har utført for Statoilhydro vil så mye som 81 prosent av oljeutslippet løyse seg opp naturleg og søkke ned i havet, mens 16 prosent vil fordampe i løpet av to døgn. Berre 0,6 prosent er venta å vere igjen på overflata.

– Dette er anslag etter drivbaneberekningar frå Sintef som viser at denne oljemengda ikkje har lang levetid. Vi ventar nå eit overvakingsfly tilbake med ferske bilete, og da vil vi sjå kva som er den faktiske tilstanden for oljeflaket, seier informasjonsrådgivar Ane Eide Kjæraas i Kystverkets beredskapsavdeling til NTB.

Bølgehøyden ute ved oljeflaket er i formiddag 6 meter, mens vindstyrken er 20 meter per sekund.

Miljøvernforbundet meiner uansett kor utsleppet endar opp, at slike utslipp ikkje burde kunne skje, og at det må få konsekvensar for Statoilhydro.