Vil ta tak i Kyrkjeparken, men vil gjere det skikkeleg

Ola Teigen

Ola Teigen Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Han har fått ein heil del reaksjonar frå folk, ordførar Ola Teigen (Ap), etter at Firdaposten først skreiv om at kommunen ville stenge fontena i Kyrkjeparken for godt.

– Det er veldig mange som engasjerer seg i saka, folk er oppteken av at byen vår skal framstå på ein forbilledleg måte. Og eg skjønar godt at folk synest dette er ei trist sak, seier Teigen og inrømmer:

– Fontena i Kyrkjeparken er nok symptomatisk på tilstanden til parkanlegga i Florø sentrum. Vi har ikkje prioritert parkane våre godt nok i våre politiske løyvingar dei siste åra, seier han.

LES OGSÅ: «Slik parken ser ut no, er den ei skam for Florø og Flora kommune»

Ordføraren vil no få ei endring på tilstanden. Men han vil gjere det skikkeleg.

– Det er mogleg vi må tenke heilt nytt, i staden for å flikke på det vi har. Teknisk drift seier at fonteneanlegget og bassenget er så gammalt at det er krevande å berre flikke på det. Eg har difor teke initiativ til at Flora kommune, kyrkja og soknerådet om kort tid set oss saman for å lage ein heilskapleg plan for å utvikle Kyrkjeparken til å bli ein kyrkjepark verdig. Eg har og bede rådmannen setje av midlar til planlegging, slik at vi kan lage ein plan for parken til hausten, seier Teigen.

Artikkeltags