Rentespøkelset sender byggjebransjen vår ned

VARSLAR SKIFTANDE SKYDEKKE I ØKONOMIEN: Sparebanken Vest-direktør Ragnhild Janbu Fresvik

VARSLAR SKIFTANDE SKYDEKKE I ØKONOMIEN: Sparebanken Vest-direktør Ragnhild Janbu Fresvik Foto:

Av

FLORØ: Frykt for auka rente gjer seg allereie gjeldande for byggjebransjen på Vestlandet. Og framtidsoptimismen hittil i år får seg eit skot for baugen i heile næringslivet vårt.

DEL

Ein nedgang i talet på igangsette byggjeprosjekt råkar no byggjebransjen – og det før Norges Bank faktisk har sett opp renta, slik ekspertane trur dei vil gjere i september. Dette går fram av Sparebanken sin ferske Vestlandsindeks for tredje kvartal, som blei offentleggjort torsdag.

Barometeret baserer seg på intervju med 700 bedriftsleiarar på Vestlandet. Og det er ikkje berre i byggjebransjen at næringslivet no vaklar litt i trua.

Fryktar tollmurar og handelskrig

– Nedgangen kan tyda på at farten i vestlandsøkonomien dabbar litt av, og at vi i framtida truleg må rekne med litt meir moderat vekst enn til no, seier konserndirektør i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.

Ho peikar også på litt svakare utvikling hjå handelspartnarane våre, samt frykta for ein handelskrig som årsaker til nedgangen i forventningar.

Vestlandsindeksen viser elles at oljenæringa framleis sit i førarsetet når det gjeld investeringar på Vestlandet. Det er også innan petroleumsnæringa at dei fleste nye jobbane vil dukke opp i tida som kjem.

Olje mest positivt

Sjølv om denne næringa vil trenge ein del folk framover, spår Vestlandsindeksen ein nedgang i sysselsetjinga samla det neste halvåret.

Analysen til Sparebanken Vest er utført i lag med Respons Analyse, og kvar næring får eit indeks-tal som speglar forventningane til verksemdene. Som eit døme har indeksen innan bygg- og anlegg gått ned frå 72 i andre kvartal, til 66 for tredje kvartal.

Ei næring som går mot denne trenden, er overnatting og servering. Dei to siste kvartala har den ligge på 67, medan den ved inngangen til 2018 låg på knappe 53.

Positivt er det også å lese at blant verksemder som har meir enn halvparten av omsetnaden sin knytt mot oljenæringa, så forventar heile 42 prosent av dei å tilsetje fleire medarbeidarar i tida framover. For verksemder som ikkje har oljenæringa som kundar, er talet kun 20 prosent.

Artikkeltags