Nye eigarar tek over Vita og Loco

VITA: Det har vore uvisst korleis konkursen i Vita ville ramme Vita Exclusive på Amfi i Florø. No får kjeden nye eigarar.

VITA: Det har vore uvisst korleis konkursen i Vita ville ramme Vita Exclusive på Amfi i Florø. No får kjeden nye eigarar.

Av
DEL

Berre to dagar etter at det blei opna konkurs i kosmetikkjedene Vita og Loco står nye eigarar klare til å overta.

Det er bostyrer Tom Hugo Ottesen som opplyser dette til Dagens Næringsliv. Seint tysdag kveld stadfesta Ottesen at restruktureringsselskapet Jotunfjell Partners blir de nye eigarane av Vita og Loco.

– Buet er fornøgd med å få vidareført drift. Normale forhandlingar, skriv han i ein tekstmelding til avisa.

Fleire interessentar melde seg etter at konkursen var et faktum.

Jotunfjell Partners har kjøpt både varelager og rettar til varemerkene, men ønsker ikkje å kommentere ytterlegare. Selskapet har spesialisert seg på å kjøpe opp selskap i krise. I fjor tok dei over butikkjeda Enklere Liv.

(©NTB)

Artikkeltags