Og namnet blir Folkeparkbrua

UNG VINNAR: 16-år gamle Runar Vik stakk av med premien i namnekonkurransen med bidraget sitt Folkeparkbrua. Onsdag fekk han overrekte premien på 2000 kroner av banksjef Ole Aukland. Foto: Anne Marit Seljeseth

UNG VINNAR: 16-år gamle Runar Vik stakk av med premien i namnekonkurransen med bidraget sitt Folkeparkbrua. Onsdag fekk han overrekte premien på 2000 kroner av banksjef Ole Aukland. Foto: Anne Marit Seljeseth

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Av 104 forslag til namnekonkurranse for brua på Sørstrand er det forslaget til 16-åringen Runar Vik som gjekk sigrande ut.

DEL

- Veldig kjekt, overraskande, og ikkje forventa seier vinnaren som føreslo «Folkeparkbrua» før han tek i mot premien, eit gåvekortet på 2000 kroner frå banksjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ole Aukland.

Brua skal stå ferdig til jonsok, og då blir det offisiell opning og avdekking av plakett med namnet på brua. Det har vore ei formidabel interesse, mange gode forslag og eit folkeleg engasjement for staden og brua, fortel Aukland. Saman med Arve Solbakken i Firdaposten og styreleiar i Sørstrand Folkepark Jan Henrik Nygård arrangerte han namnekonkurransen og tok avgjerda for kva namnet skulle bli.

- Kvifor vil landa på akkurat det forslaget? Nei, det kan sikkert diskuterast, smiler banksjefen, og meiner namnet tuftar på Sørstrand Folkepark og at brua er assosiert med området.

10.-klassingen er spelar aktivt fotball, men er og engasjert i nærmiljøet.

- Då eg såg at det var lyst ut namnekonkurranse i Firdaposten tenkte eg at eg måtte sende inn eit lite bidrag, seier den sindige vinnaren. At premien var på 2000 kroner lokka han og.

- Eg spelar fotball og laget mitt skal til USA i sommer, så eg tenkje at premien kjem til å gå rett i reisekassa, seier Vik som ser fram til turen. Banksjefen har ingen meining om korleis pengane skal forvaltast, men synest det er bra at ungguten vel å bruke dei på ei reise som gir varig verdi.

- Dessutan er det veldig artig at det var ein ung gut som vann. Ekstra gøy var det at banken fylte 150 år i går og eg fekk ta den gledelege telefonen til Runar, det var ein fin måte å markere jubileet på, smiler Aukland.

Artikkeltags