Odd Stubhaug er død

Odd Stubhaug, slik vi kjem til å hugse han; alltid med eit smil på lur. Her under Kinnaspelet, som hadde ein spesiell plass i hjarta hans.

Odd Stubhaug, slik vi kjem til å hugse han; alltid med eit smil på lur. Her under Kinnaspelet, som hadde ein spesiell plass i hjarta hans. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kinnaspelets far vart 74 år.

DEL

Etter kort tids sjukdom gjekk tidlegare sokneprest i Kinn, Odd Stubhaug, bort måndag 21. mars.

Stubhaug vart fødd i Førde i 1941, og gjekk inn i virket som prest i Kinn sokn i 1974. Den folkekjære soknepresten har også vore ei tydeleg røyst i florapolitikken som representant for Kristeleg Folkeparti. Åtte av desse åra var han også varaordførar.

Stubhaug har også vore ein bauta innan kulturlivet i byen. Det var Odd som i 1979 tok initiativet til Kinnaspelet. Siden den gong har han vore både inspirator, pådrivar og motor bak spelet. For arbeidet sitt fekk han Kongens fortenestemedalje i sølv i 2010.

Odd Stubhaug si gravferd finn stad i Florø kyrkje onsdag 30. mars klokka 11.00.

Artikkeltags