Observerte hærverk på Sørstrand

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

I føljetongen med borda som ikkje får stå i fred på den nye badeplassen på Sørstrand, er det no komne inn observasjonar av hærverket.

DEL

Eit augevitne fortel at tre unge gutar i aldersgruppa 15-18 år, kom inn på stranda, kvelva eit bord og drog det etter båten ut i sjøen.

Dei kom i ein grå gummibåt på 12-13 fot søndag kveld.

- Viss det er nokon vaksne som kjenner til desse karane, så ver vennleg å snakk dei til rette. Viss gutane manglar bord, så kan dei ta kontakt med meg, så kan eg skaffe eit bord til dei på lovleg vis, seier Magne Hovland, på vegner av dugnadsgjengen som står bak etableringa av det nye friområdet med offentleg badeplass på Sørstrand.

Artikkeltags