Eit tjuveri, eit slagsmål og litt bråk her og der – slik var nyttårsnatta

DEL

Det var heldigvis ikkje den mest hektiske nyttårsaftan for politiet i Florø og Bremanger. Litt før halv ti på kvelden i går kom politipatruljen over 26 år gammal mann som køyrde ein stolen bil. Han måtte feire overgangen til 2020 i politiarresten. Bileigaren var sjølv ute og leitte etter bilen sin då han kom til staden, og kunne køyre heim med den kort tid etter.

Klokka 01.10 måtte patruljen også løyse opp eit slagsmål mellom fire-fem personar i Markegata. Ein person vart vist bort frå sentrum.

Bortsett frå dette har det berre vore nokre få meldingar om brot på natteroa og eit par tilfelle av ulovleg oppfyring av fyrverkeri.

– Med andre ord ei relativt roleg og grei natt, legg operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt til.

Artikkeltags