Gå til sidens hovedinnhold

Nytt automatinnbrot på Coopen

Artikkelen er over 16 år gammel

SVELGEN: For tredje gong på kort tid, har det vore innbrot på speleautomatar i Svelgen, og for andre gong er det automatane på Coopen som er blitt tømde. Truleg har innbrotet skjedd natt til måndag, og førebels har politiet ingen konkrete tips i saka.

– Innbrotet vart oppdaga då dei tilsette ved Coopen kom på jobb måndag morgon, fortel lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger.

– Tjuvane har brote opp skyvedørene med grovt verkty, og det er tydeleg at dei har hatt det travelt. Automatane var nemleg knuste, og det låg mykje pengar, både mynt og setlar, att på golvet framfor automatane, seier han vidare.

Det er enno for tidleg å vite kor mykje pengar tjuvane har fått med seg, eller kor mange dei var.

– Truleg er det fleire personar som står bak innbrotet, og dei visste kva dei var på jakt etter. Diverre føyer dette innbrotet seg inn i ei rekkje innbrot, berre her i Svelgen har vi no hatt tre innbrot på kort tid, seier Bremanger-lensmannen.

Han ser klart at dette er ein trend som stadig breier om seg, sist gong det var innbrot på Coopen, var det også innbrot både i Stryn og Førde same natta, også denne gongen var det fleire innbrot i Førde. Han utelukkar ikkje at dei kan han samanheng med kvarande.

– Folk er meir mobile enn nokon gong før, og kjem seg fort unna, så det er ikkje utenkjeleg, avsluttar Hans Rune Strandos.