Nytilsetjingar i Bremanger

Artikkelen er over 15 år gammel

Bremanger kommune har tilsett nye medarbeidarar i ulike stillingar.

DEL

Leiar Therese Grotle er fast tilsett i 40 prosent stilling som fagleg leiar i open omsorg ytre. Rita-Janne Igland er tilsett i 80 prosent vikariat som sjukepleiar i open omsorg ytre, fram til 17. juli 2004. Elisabeth Strømmen Klævold er overført frå open omsorg indre til open omsorg ytre, i 32 prosent stilling som heimehjelp. Sylvi Frøyen er overført frå 100 prosent stilling i tenestene for funksjonshemma til fast stilling som sosionom ved sosialtenestene, PPT.

Som reinhaldar ved Hauge legekontor er Olena Hauge tilsett i fast 50 prosent stilling, og som vikariat for reinhaldar på rådhuset i 40 prosent stilling fram til 1. september, er Anita Nieland tilsett. Henny Frøystad Almenning er tilsett som fagleg leiar i 80 prosent stilling ved Kolset barnehage, dette er eit vikariat fram til 1.august 2004. Anne-Birthe Smedvik er tilsett i eit vikariat som assistent i 83 prosent stilling ved Kolset Oppvekstsenter, og Siri Elde er tilsett som vikar i 100 prosent stilling som fagleg leiar ved Ålfoten barnehage.

Artikkeltags