Nynorsken slit

Artikkelen er over 10 år gammel

Nynorsken er på vikande front i skulen viser statistikken frå dette skuleåret.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Utdanningsstatistikken for skuleåret 2006/07 som Statistisk sentralbyrå legg fram viser at knappe 14 prosent av grunnskuleelevane har valt nynorsk som målform. Det er berre i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal at nynorskelevane er i fleirtal.

Totalt bruker 85 700 nynorsk, av desse går 87 prosent på skule i dei fire Vestlands-fylka. I Oslo har 15 elevar (av 53 000) nynorsk som sitt hovudspråk, medan det i Hedmark og på Svalbard ikkje er nynorskelevar i det heile.

Av dei over 619 000 elevane i norske grunnskular har altså heile 86 prosent bokmål som målform. Nesten 40 000, eller vel 6 prosent av elevane i grunnskulen, har norsk som andrespråk.

Artikkeltags