Nye praktikantar til Nynorsk mediesenter

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Eit nytt kull med praktikantar er no klare. NRK har tilsett sin yngste praktikant nokon sinne.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Det 11.praktikantkullet ved Nynorsk mediesenter er no klart.

I slutten av august tek desse til på det seks månader lange, intensive kurset i journalistikk og språk: Aleksander Vallestad frå Stord, Bjørn Ivar Austevik Voll frå Nedstrand, Mathias Oppedal frå Nærbø, Sara Myren Kornberg frå Folkestad og Simon Frammarsvik Solheim frå Florø.

Færre søkjarar

Det var 36 søkjarar til kull 11 og tolv var inne til konferanse. I fjor var det 50 søkjarar til begge kulla.

- Vi er vane med at søkjartalet svingar. Det har det gjort i alle dei fem åra vi har drive på. At søkjartalet gjekk ned no er naturleg på grunn av all merksemda det har vore kring nedskjeringane i media. Men trass i tilsettingsstoppen i NRK vert nynorskpraktikantane rekna for interne søkjarar når dei er ferdige med seks månaders opplæring/praksis, seier Magni Øvrebotten.

Tidenes yngste

På dette kullet har det kome inn ein 19-åring; Simon F. Solheim frå Florø. Dette er den yngste nynorsk-praktikanten NRK har teke inn nokon gong.

- Frå mitt tidlegare liv som redaktør veit eg at det stundom dukkar opp purunge folk som berre veit at dei skal bli journalistar og røynsla mi er at dei ofte vert gode. Det er kjekt å gje slike ivrige ungdomar ein sjanse, seier Magni Øvrebotten.

Her er kull 11 :

- Simon Frammarsvik Solheim , fødd 1990, Florø, i Flora kommune, Sogn og Fjordane. Han er i ferd med å avslutte idrettslina ved Flora vidaregåande skule. Dei to siste åra har han hatt rettslære og medie- og informasjonsfag som fordjuping.

Frå 15 årsalderen arbeidde han som frilansjournalist i Firdaposten og no er han tilkallingsvikar i avisa Firda, der han også arbeider for nettet. På ungdomsskulen starta han skuleavis og var redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio. I sommar skal han ha sommarjobb i lokalavisa Firda.

- Sara Myhren Kornberg, fødd 1987, Folkestad i Volda kommune. Bachelor i litteraturvitskap ved NTNU denne våren.

- Mathias Oppedal, fødd 1985, Nærbø, Hå kommune, i Rogaland. Han er denne våren ferdig med ei treårig utdanning (BA-grad) ved lina for Fjernsyn- og multimedieproduksjon ved Universitetet i Stavanger.

- Aleksander Vallestad, fødd 1983, Stord i Hordaland.Redaksjonsassistent i VG og konsulent for sosiale medier i Marknadsavdelinga til Norges Røde Kors.

- Bjørn Ivar Voll, fødd 1985, Nedstrand i Tysvær kommune i Rogaland. Tek BA-grad i statsvitskap ved NTNU, med fordjuping i samanliknande politikk. Han har også Bachelorfordjuping i historie frå NTNU og utvalde fag i medisin grunnfag frå Universitetet i Tromsø.

Foto: Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter.

Artikkeltags