Nydeleg St. Hans på Florøvika

FLOTT: Hundrevis av båtar hadde samla seg på Florøvika på kvelden jonsokaftan. Foto: Dag Nesbø Frøyen

FLOTT: Hundrevis av båtar hadde samla seg på Florøvika på kvelden jonsokaftan. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 9 år gammel

Hundrevis av båtar og enno fleire skuelystne hadde trekt mot Florøvika kring klokka 22.00. Då vart St. Hansbålet i jubileumsåret tent på Rota.

DEL

Sjølv om meteorologane har meldt litt ymse meldingar i det siste, vart den lengste dagen i året av dei finaste sommardagane så langt. På Florøvika samla lystbåtane seg. Plastflåten i byen sirkla på den rolege vika med Svanhild tronande i midten. Inne på Fugleskjærskaia, på Friheten og Nordnesmoloen trekte folk til for å sjå det tradisjonsrike bålet blir fyrt opp.

Kontrollert

Lions hadde nok ein gong skikk på byggverket. For det brende kontrollert frå toppen og ned. Frå klokka 23.00 gjorde flammane til at båtfolket som hadde fått frosten i seg fekk fin strålevarme frå bålet.

Endå er det noko att til dei gode sommartemperaturane sjølv om vi no har nådd St. Hans. Men dei tøffaste har teke til med badinga. Eit trygt sommarteikn tross alt.

Hundrevis på Sørstrand

Eit kommande teikn for sommaren vil nok bli at folk trekk i større tal til Sørstrand. I år var det kring 400 som hadde teke med seg ungane for å feire solsnu i det populære friområdet. Primus motor for tilrettelegginga av badestranda, Magne Hovland, kunne smile godt av det store oppmøtet. Her vart det fyrt opp bål, ungane bada medan foreldra grilla på stranda og på dei omkringliggande svaberga.

At denne perla er blitt skapt for skarve 140.000 kroner viser at ein kan utrette mykje for mange til ein rimeleg penge.

Artikkeltags