Ny prøveboring vest av Florø

Transocean-selskapet vil stå for boringa. Dette er ein søsterrigg - "Transocean Barents" .

Transocean-selskapet vil stå for boringa. Dette er ein søsterrigg - "Transocean Barents" . Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

BG Group håpar å finne meir olje- og gassressursar i Jordbær-feltet.

DEL

BG Group, som har ei avdeling på Fjord Base, melder at borestart blir i 2015 med riggen "Transocean Searcher".

Det er ca. 210 km til Bergen og 360 km til Stavanger frå lokaliteten på Tampenfeltet. TIl Florø er avstanden 120 km og næraste punkt på land er Reksta.

Vassdjupet i området er ca 403 meter og avstanden til de næraste installasjon på Snorre og Vega er berre 33 og 53 km. Brønnen vil bli bora ned til 4 342 m målt frå boredekk.

Tidlegare aktivitet på feltet inkluderer leitebrønnane Jordbær Sentral, Jordbær Vest og Jordbær Sørøst, samt feltutbygginga på Knarr.

Målet for boringa er å undersøkje potensialet i Cook-formasjonen i Jordbær Sør. Håpet er å finne lett olje med samme karakteristikk som oljen i Jordbær Central og Jordbær Vest?funna. Funnet i Blåbær-feltet styrkar selskapet i trua på å finne meir ressursar, melder Petro.no.

Rettighetshavarar i PL 373S er BG Norge AS (operatør, 45 prosent eierandel), Idemitsu Petroleum AS (25 prosent), Wintershall Norge ASA (20 prosent) og RWE Dea Norge AS (10 prosent).

Artikkeltags