Det har berre gått litt over ei veke sidan førre gong, men no skjedde det altså igjen. Torsdag kveld litt før klokka 21.30 vart ei kvinne i byrjinga av 20-åra påkøyrd i gangfeltet på Evja.
Ambulanse kom fort til staden og frakta kvinna til kontroll på Førde sentralsjukehus. Etter det Firdaposten kjenner til, står det etter forholda bra til med kvinna. Ho skal ha fått ein lettare skade i ein fot.
Føraren av bilen som køyrde på ho, ei kvinne i slutten av 20-åra, vart rutinemessig fråteke førarkortet. Saka vil bli vidare etterforska av politiet i Florø.
- Les meir: Påkøyrsle på Evja