Ny leiar i Framtidsfylket

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Ho skal bryte grenser og gjere fylket attraktivt for arbeidssøkjande tilflyttarar.

DEL

Anne van Oorschot meiner ho har fått draumejobben når ho frå nyttår tiltrer som dagleg leiar i det nye selskapet Framtidsfylket AS.

Når Anne van Oorschot trer inn i sjefsstolen frå nyttår, har ho full fokus på å vise andre kva karrieremoglegheiter som finst i Sogn og Fjordane. Fylket si eiga merkevare – Framtidsfylket, skal byggjast. Dette skal vere ei idealistisk og positiv merkevare som kan nyttast i alt rekrutteringsarbeid til fylket vårt. Målet er å framheve Sogn og Fjordane som eit attraktivt framtidsfylke for unge tilflyttarar.

- Eg er sjølv innflyttar i fylket og ser at her er meir enn kva folk trur. Ofte har dei som flytter ut frå fylket for å studere ein heilt anna oppfatting av jobbmarknaden her enn kva som er tilfellet. Den store oppgåva for Framtidsfylket blir å synleggjere moglegheitene som finst, seier Anne som gledar seg til å ta fatt på det nyskapande arbeidet i januar.

Kjend med rekrutteringsarbeid

Anne kjem frå jobben som dagleg leiar i Inkubator Vest, SIVA industriinkubator i Stryn. Før det jobba ho i to år som salssjef i Paneda, teknologibedrifta i Selje. Anne er opphavleg frå Nederland og ho og familien flytta til Bremanger i 2000.

Etter nokre år på Dyrstad i Svelgen, slo dei seg ned på Davik der dei no eig eit lite småbruk.

Anne er godt kjend med rekrutteringsarbeid frå før; det var ho som starta opp Rekrutteringsprosjektet i Bremanger som resulterte i at 18 nederlandske familiar flytta til kommunen.

Alt i eitt

Anne startar ikkje heilt på urørt arena. Namnet Framtidsfylket er frå før kjend gjennom nettportalen framtidsfylket.no – den elektroniske møteplassen for arbeidsgivarar og arbeidstakarar i Sogn og Fjordane.

I tillegg har Framtidsfylket rekrutteringsmesser allereie vore arrangert i Oslo, Bergen og Trondheim i to år. Her reiser næringslivet ut av fylket for å treffe potensielle arbeidstakarar – noko som har vore stor suksess. Det som er nytt no er at alt rekrutteringsarbeidet samlast i eitt selskap og under eitt merkenamn. I tillegg har det nye selskapet tatt over drifta av den fylkesoverbyggjande traineeordninga, ei svært vellykka satsing som no går av stabelen for femte året på rad.

Betre fokus

- Ved å samle alt under eitt får ein betre fokus og kan jobbe meir målretta. I tillegg får det ein marknadsføringseffekt ved at alt vi gjer blir meir synleg og oversiktleg for målgruppa vår, seier Anne som understrekar at målgruppa til Framtidsfylket like mykje er bedriftene i fylket.

- Like viktig er det at bedriftene tar verktøyet i bruk og nytter seg av nettportalen vår, deltek på jobbmesser eller blir med i traineeordninga. Essensen i selskapet er vekst i fylket framfor kommersielle mål, legg ho til.

Artikkeltags