Ny kystnotbåt til Bremanger

Nye "Havrand" ved kai i Nord-Norge.

Nye "Havrand" ved kai i Nord-Norge. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Sjarkfiskar John-Roar Grotle sel båten og går i kompaniskap med «Frøybas»-reiarlaget i Kalvåg om å satse vidare med ein kystnotbåt.

DEL

Nye «Havrand» er allereie komen i fiskeri på kysten av Nordland.

Fiskerettane frå kystsjarken «Havrand» blir overført til snurparen, som er kjøpt brukt i Troms nyleg. Båten bar namnet «Fugløyfjord», men blei omregistrert til «Havrand» frå den 24. januar.

Bygd i 2002

Båten er bygd på Longva Mek. i 2002 og er 25,3 meter lang. Den er bygd både for snurrvad og snurparfiske med ein lastekapasitet på 168 m3. Den har innreiing for å kunne ha eit mannskap på åtte.

­- Vi har lagt inn ein del fiskerettar frå «Frøybas» også. Båten låg måndag i Bodø. Vi sende nordover vår skipper og maskinist, Eivind Larsen og Paul Stian Igland, for å drive med litt opplæring i notfiske i starten. Snurrvad-fiske treng ikkje skipper John-Roar Grotle noko opplæring i, fortel Ronny Larsen i Kalvåg.

Fiskar seg heim

Planen er at dei skal fiske seg sørover og det er difor uvisst kor tid båten blir å sjå i Bremanger-traktene.

Han fortel at planen er å bygge eit solid miljø i kommunen for denne flåtegruppa. Kommunane Solund og Askvoll har begge eit levande og sterkt miljø med fleire kystnotfartøy.

– Dette er eit fiskeri som det går an å bli gammal i. Sjark og garnfiske er tøft i lengda. Kystnot og snurrvad er ein litt anna og meir effektiv måte å fangste på og det gir mulegheiter til også å sikre seg ein del fritid, påpeikar Larsen.

Han ønskjer ikkje å kommentere den pågåande tvisten med Fiskeridirektoratet, som har inndrege ein verdifull fiskekvote som følgde med den nordnorske kystnotbåten «Tilje» som «Frøybas»-reiarlaget kjøpte og overførte til heimfylket etter eit år. Sjølve båten er allereie seld vidare.

- Det skal vere «lys i husan» her i Sogn og Fjordane også, ikkje berre på Finnmarka, seier Ronny Larsen.

Artikkeltags