Ny gass og olje-operatør utanfor Flora-kysten

Blokk 35/5 ligg nordvest for Gjøa. Eit felt som ein ser frå Brandsøyåsen i Florø.

Blokk 35/5 ligg nordvest for Gjøa. Eit felt som ein ser frå Brandsøyåsen i Florø. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Bayerngas Norge er tildelt sin første lisens som operatør på norsk sokkel. Dei skal leite olje vest av Florø.

DEL

- Dette er ein stor dag og ein viktig milepæl for oss. Vi har lenge hatt ein ambisjon om operatørskap og blei prekvalifisert for dette i 2009, etter å ha bygd opp ein organisasjon som er klar til å ta på seg operatøroppgåver. Vi er veldig glade for å ha fått utteljing på søknaden , seier Arne Westeng, administrerende direktør i selskapet til Offshore.no.

No blir selskapet operatør på ein lisens som omfattar blokk 35/5, 8 utanfor Florø, eit område som er rekna for å vere utfordrande. Bayerngas Norge blei også tildelt fem lisenser ekstra som dei deler med andre i Nordsjøen og det sørlege norskehavet. Før TFO 2011 hadde selskapet 48 lisensar, der 30 er i Norge.

- Tildelinga no passer godt inn i porteføljen vår og er strategisk rett for oss og målsetjinga til eigaran3e våre, No ser vi frem til eit godt samarbeid med partnerselskapa.

Bayerngas Norge har i dag tre felt i produksjon og ytterlegare to felt som kjem i produksjon i 2012. I tillegg har selskapet to felt der plan for utbygging og drift er godkjent, eitt felt der plan for utbygging og drift er innsendt, eit felt under planlegging og ytterlegare tre funn.

Artikkeltags