Ny benk i sjøen ved Sørstrand

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Ein ny benk er på drift i sjøen ved Sørstrand. - Må vi lenke fast benkane?, spør eldsjel Magne Hovland.

DEL

På nytt har ein av benkane frå badestranda på Sørstrand hamna i vatnet. Dette har skjedd søndag kveld eller i løpet av måndag.

- Viss nokon har tips til kven som har gjort dette, eller har sett noko, vil eg gjerne kome i kontakt med dei, seier Magne Hovland.

Hovland, initiativtakaren til badestranda og eldsjel for opparbeiding av ein folkepark på Sørstrand ved flyplassen, ber folk om å la vere å flytte benkene på stranda ned mot strandkanten slik at ikkje benkene vert tekne av sjøen når det flør.

Han ber også om tips til kva dei kan gjere for å få slutt på at benkane hamnar i sjøen.

- Må vi lenke dei fast, slik at dei ikkje kan flyttast på? Det vil jo vere trasig å måtte gjere det, då misser ein fleksibiliteten med flytting av benkane, seier Hovland.

No håpar han at kajakkpadlarane som redda den første benken også kan få denne på land. (Les meir: Benkemysteriet løyst )

- Det er jo ein fare for tryggleiken på sjøen, og spesielt for småbåtane, om det ligg ein slik stor benk og flyt under vasskorpa, seier han.

Artikkeltags