Gå til sidens hovedinnhold

Ny æra i speidaren

Artikkelen er over 7 år gammel

Seglar sin eigen sjø.

Førre veke skreiv Firdaposten om Frelsesarmé-speidaren som skal få to seglbåtar i gåve frå ei nedlagt speidargruppe i Norheimsund. Onsdag kom båtane til Florø på lastebilplanet.

- No skal dei vaskast å setjast i stand. Den eine skal på sjøen om eit par veker, viss alt går etter planen, fortel speidarleiar Rune Rasmussen.

Speidarane troppa opp med vaskebøtter og svampar, og når dei likevel var samla, nytta dei høvet til å smi litt også.

Dei siste åra har speidargruppa lånt Hekel sin seglbåt når dei har vore på tokt, seinast i haust, då dei drog til Bergen i to dagar.

- Vi lærer oss å segle og dreg til nye stader vi mest truleg aldri ville ha sett om vi ikkje hadde vore med, seier Heine Hellebust Gjøringbø (12).

Han får støtte av Sigurd Bjerck Hovden (14):

- Det er vanvittig gøy. Vi bruker mykje tid på sjøen og fiskar ein god del. Og ikkje minst så lærer vi å segle, seier han.

Kommentarer til denne saken