Flora og Bremanger får ingen NTP-pengar før i 2024

Ideal Lab Subsea coffee Vera & Kyte

Ideal Lab Subsea coffee Vera & Kyte Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det syner Nasjonal Transportplan som vart lagt fram onsdag.

DEL

Onsdag vart Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018 til 2029 presentert. Førebels er det sett av 10,7 milliardar kroner til prosjekt i Sogn og Fjordane. Ulike prosjekt på E39 får brorparten av vegmidlane. Ingenting fell til Flora eller Bremanger.

Men under avsnittet «Kyst» blir det klart at regjeringa set av pengar til kyst. Men ikkje før i neste periode, altså mellom 2024 og 2029. I perioden fram til dess skal dei rett nok bruke 1,5 milliardar kroner til Stad skipstunnel.

I neste NTP-periode er det sett av 50 millionar kroner til «Gjennomsegling i Bremanger». Det vil seie utbetring av innseglinga til fiskerihamna i Kalvåg. Til fiskerihamna er det sett av 98 millionar kroner. Det er også sett av 80 millionar kroner til utdjuping av innseglinga til Florø.

Her kan du sjå den fullstendige oversikta.

Artikkeltags