80 mill. til utdjuping av skipsleia i Florø

Artikkelen er over 3 år gammel

Måndag kom lokale politikarar frå Høgre, FrP, Venstre og KrF til Florø med ein godbit; utdjuping av skipsleia er lagt inn i NTP med 80 millionar kroner.

DEL

Partia har fått utdjuping av skipsleia i Florø inn i Nasjonal Transportplan 2018 – 2029.
Prosjektet ligg inne som fullfinansiert med 80 millionar statlege kroner, og betyr utdjuping av innseglinga til Flora Hamn frå 16 til 20 m djupne, og 120 m breidde.

Bygging av molo og merking av innsegling til Kalvåg fiskerihamn er også inne i NTP, fullfinansiert på 98 millionar kroner.

Desse to nyheitene presenterte Høgre, FrP, Venstre og KrF i Florø måndag ettermiddag.

- Marine og maritime næringar står sterkt langs kysten av fylket vårt og har stort potensiale for vidare vekst. Gjennom desse tiltaka blir det no lagt til rette for å betre innseglinga til verftet i Florø - samt at Kalvåg fiskerihamn får større kapasitet og meir effektiv logistikk, seier Frida Melvær (H).

Men prosjekta ligg ikkje inne før i 2. periode. Det vil seie oppstart i løpet av årene 2024 – 2029.

- Særs godt nytt

Jan Henrik Nygård (V) var ein av deltakarane då nyheita vart sleppt i Florø.

– For Westcon og Flora er dette særs gode nyhende. Saman med dei investeringane som allereie er gjort på Westcon vil dette kunne bidra til stor aktivitet på verftsområdet, og for det lokale næringsliv som i dag leverer til Westcon. I tillegg er det nok mange som drøymer om kva steinmassane frå utdjupinga kan skape av vekst lenger inn i fjorden, seier Nygård.

- No er det Florø sin tur, og kysten har med dette, og med Kalvåg-prosjektet og Stad skipstunnel fått eit brukbart løft i NTP. Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane skal ha skryt for å ha stått på for kysten vår, seier han.

Jan Henrik Nygård. Foto: DEA

Jan Henrik Nygård. Foto: DEA

Om at prosjektet ligg så langt fram i tid, seier han dette:

– Når ein først kjem inn i NTP, er det mogleg å få flytta prosjektet frå 2. til 1. periode. Erfaringsmessig er det alltid prosjekt i første periode som ramlar ut, og då må vi følge med og få prioritert fram utdjupinga, seier Nygård.

- Det krevjer sjølvsagt at ein er obs når prosjekt i første periode ramlar ut. Og skjer det, er utdjupinga noko som er lett å få igjennom. Det er gryteklart, ein manglar eigentleg berre å lyse det ut å anbod, meiner han.

- Dessutan vil prosjektet skape arbeidsplassar og hjelpe verftsindustrien, og det er ikkje nokon stor sum i NTP-samanheng. Så eg har tru på at vi kan få det flytta fram.

Store mengder stein

Ei ny utdjuping av leia vil bety store mengder stein. Denne steinen håpar Nygård ein kan bruke lokalt.

-  Det blir enorme mengder stein av å utdjupe leia med fire meter nesten heile vegen. Med den steinen kan ein lage mykje næringsareale ved Terøya og Grønenga, og såleis avlaste kostnader på ein Kystveg-trasé, påpeikar han.

LES OGSÅ:

Fylkesutvalet vil sikre utdjuping

Flora ber fylket om rigg-pengar 

Artikkeltags