Provosert over at Nortura ber folk vere rause med bøndene samstundes som dei betalar 19 øre kiloen for sauekjøt

PROVOSERT: Ståle Solheim frå Nordalsfjord synes det er frekt av Nortura å be folk om å vere rause med bøndene, samstundes som dei sjølve knapt betalar for sauekjøtet som blir levert.

PROVOSERT: Ståle Solheim frå Nordalsfjord synes det er frekt av Nortura å be folk om å vere rause med bøndene, samstundes som dei sjølve knapt betalar for sauekjøtet som blir levert. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NORDALSFJORD: Ståle Solheim fekk 4 kroner og 75 øre for ein sau med ei slaktevekt på 25 kilo.

DEL

I fredagens Firdaposten kunne stod lesarinnlegget "Vær raus mot bonden i år!" på trykk, signert kommunikasjonsdirektør Frida G. Johansen, kommunikasjonssjef i Norsk Landbrukssamvirke, der mellom andre Nortura er eitt av medlemmene.

19 øre kiloen

"I sommer var mediene og folk på banen, alle var opptatt av bonden, avlingene og det dårlige været. Men nå har høsten kommet. Det samme har regningene", står det i innlegget, som omhandlar bondens psykiske helse. Det vert mellom anna oppfordra til å kjøpe norskprodusert mat og åtvara om at konsekvensane kan bli fatale for både menneske og dyr dersom bonden slit psykisk og ber det med seg i einsemd.

Om dei verkeleg følte for å støtte bøndene, kunne dei auke prisane sine.

Ståle Solheim

Ståle Solheim er deltidsbonde i Nordalsfjord. Han fortel at han leverte fire sauer til slakt denne hausten som han fekk betalt 19 øre kiloen for frå Nortura. Det vil seie at for ein sau med 25 kilos slaktevekt, fekk Solheim utbetalt 4 kroner og 75 øre.

– Då må eg seie eg reagerer på at dei oppfordrar andre til å vere rause med bøndene, seier Solheim sint.

Han meiner Nortura burde kunne gjere meir for bøndene etter den vanskelege sommaren.

– Om dei verkeleg følte for å støtte bøndene burde dei kunne auke prisane sine, sjølv om det er overproduksjon av kjøt. Dei får nok meir enn 19 øre kiloen uansett om dei lagar pølse av kjøtet eller sel det. Eg har heldigvis jobb utanom garden. Om eg hadde hatt 100 vinterfôra sauer, trur eg det hadde vore vanskeleg å leve av det, så dårleg som ein får betalt.

– Ein hån

– Korleis er fôrsituasjonen hos deg etter sommaren?

– Den er den same for meg som for andre, men eg er ikkje så avhengig av fôret, eg hadde 39 sauer på beite. Men eg tenker på dei som har satsa på dette og skal leve av det. Dei har hatt og har det vanskeleg fordi dei må betale vanvittige prisar for fôret, når dei endeleg får tak i det.

Solheim seier han synest det er ein hån mot bøndene som jobbar og står på heile året og gjer det dei kan for å stelle dyra sine skikkeleg.

Han peikar på ein siste ting:

– Det handlar også om rekrutteringa til landbruket - det er ikkje akkurat oppmuntrande signal dei sender til unge som skal overta. Det hadde vore billegare å grave ned dyra enn å sende dei avgarde med slaktebilen; den har ei stopp-avgift på 150 kroner. Då ender ein faktisk med å betale for å sende dyra til slakting.

"Kjøttet er mye mer verdt"

Kommunikasjonssjef Frida Johansen vedgår at situasjonen for sauebønder "ikkje er som dei skulle ønske".

"Det er mange bønder som er frustrerte og vi forstår det. Kjøttet er mye mer verdt enn det bøndene får betalt for akkurat nå. Bøndene gjør en kjempe jobb og vi skulle ønske situasjonen på sau var annerledes. 
Når ikke markedet vil ha sau, så kan Nortura heller ikke betale ut mer enn det de gjør. Det er solgt mer sau i fjor og i år enn det som noen gang er gjort – og det jobbes for å øke salget, men sommerens tørke har gjort det enda vanskeligere med mange sau på lager.

Det som kan bedre denne situasjonen på sau, er blant annet at butikker, dagligvarekjeder og forbruker etterspør og kjøper mer sau», skriv ho i eit svar til Firdaposten.

Artikkeltags