- Teknologien spring frå jakt-lovverket

Ny teknologi utfordrar lovverket når det gjeld jakt og jaktetikk. Dronen er det allereie kome reguleringar for - men kva med til dømes varmesøkjande kikkertar? Dette blir eitt av fleire aktuelle diskusjonstema under viltseminaret i Førde i mars.

Ny teknologi utfordrar lovverket når det gjeld jakt og jaktetikk. Dronen er det allereie kome reguleringar for - men kva med til dømes varmesøkjande kikkertar? Dette blir eitt av fleire aktuelle diskusjonstema under viltseminaret i Førde i mars. Foto:

Av

Digitaliseringa og nye «duppedingsar» skapar store utfordringar for lovgjevarar når det gjeld å bestemme kva utstyr som er lovleg og kva som er ulovleg under jaktutøving.

DEL

Droner som gir deg fugleperspektiv over terrenget. Restlysforsterkarar som gjer at du ser viltet i stummande mørke. Termiske (varmesøkjande) kikkertar, som kan avsløre kvar hjorten står i ei fjellside. Dei siste åra har ny teknologi, som tidlegare tidlegare var dyr og utilgjengeleg, no blitt råd å skaffe seg for den vanlege norske jeger til overkommelege prisar.

Samtidig heng lover og forskrifter etter, når det gjeld å regulere kva som er lovleg og ulovleg å ta i bruk. Og i jegermiljøa blir det diskutert heftig - utan heilt klare fasitar. Også politi og påtalemakta er usikre. Seinast i haust, i samband med ei skyteulukke i Balsfjord der to jegerar var involvert, og den eine nytta eit termisk kikkert, var det vanskeleg å få klarheit i om det var ulovleg jaktutøving i forkant av ulukka eller ikkje.

To dagar i Førde

- Dette blir eitt av fleire tema vi ønskjer å belyse under årets viltseminar, fortel Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter på Svanøy.

2.-3. mars samlast ekspertar på viltforvaltning og jegerar på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde, for å oppdatere seg på kva som er nytt innan norsk jakt og forvaltning, og det er Hjortesenteret, i lag med Vestskog, Sogn og Fjordane Bondelag og NJFF som står som felles arrangørar.

- Teknologidebatten er spennande. Ein ting er kva lover og forskrifter slår fast -  eller kva dei ikkje seier noko om. I tillegg kjem det reint jaktetiske, som kvar einskild jeger på gjere seg opp si eiga meining om. Det er ingen tvil om at noko av den nye teknologien kan misbrukast, om den blir brukt feil eller ulovleg. Men det finst også argument for det motsette. Til dømes kan dronefilming av vilt gi ny kunnskap og nye perspektiv. Og andre typar hjelpemiddel kan kanskje vere positive i eit dyrevelferdsperspektiv, seier Solheim.

- På kva måte då?

- Viss vi til dømes kan ta ut dyrekvotane på ein meir effektiv måte som stressar og forstyrrar viltet mindre, svarar Solheim.

Skrantesjuka under lupa

Det er fleire tema som skal under lupa dei to seminardagane i Førde. Heile første dag er sett av til å gjere opp status rundt den frykta dyresjukdomen Cronic Wasting Desease (skrantesjuke) som har råka både villrein, elg og hjort i norsk natur dei siste to åra.

- Vi er framleis berre i startgropa når det gjeld å forstå sjukdomen, korleis den råkar bestandane våre - og dermed leggje ein strategi for korleis vi kan få bukt med problemet, seier Solheim.

Han har tidlegare uttalt seg kritisk til vedtaket om å utrydde heile villreinbestanden på over 2000 dyr i Nordfjella villreinområde, fordi han meiner vedtaket er fatta på eit for tynt fagleg grunnlag.

- Eg er framleis veldig usikker på om nedskyting er rett medisin. No har dei statleg løna jegerane felt rundt 600 dyr, i tillegg til den ordinære jakta  i fjor haust. Det betyr at godt over halve stammen framleis går i terrenget, og jo færre villrein det blir, jo vanskelegare blir det å få utrydda heile dyrestamma i området, påpeiker Solheim.

Han er også kritisk til at spørsmålet rundt høgfjellsbeitande sau ikkje er diskutert i det heile.

- Viss villreinen er ein smittespreiar i området, så vil jo all sauen vere det same. Men då bevegar vi oss frå viltforvaltning og over i storpolitikk, og det verkar som om styremaktene ikkje vågar å ta den diskusjonen. Men det ønskjer vi å gjere, seier Solheim.

Spår paneldebatt med temperatur

Det blir også ein paneldebatt om CWD-temaet første dag, som NRK-nestor Eldgrim Fossheim skal leie. Her har Miljøforbundets Kurt Oddekalv meldt sin ankomst til seminaret, så då er høg temperatur-garantien på plass. Oddekalv har tidlegare gått hardt ut mot styremaktene sin CWD-kritikk, og bede grunneigarar i Lærdal og Aurland om å reise seg til kamp mot det han meiner er statleg miljøkriminalitet.

På dei to seminardagane skal også forvaltninga av den stadig aukande grågåsbestanden på kysten diskuterast, og Vidar Nilsen frå NJFF sentralt skal halde føredrag med den noko utfordrande tittelen: "Ikkje naudsynt med skytetrening for jegerar?"

Seminaret er ope for alle interesserte, og ein kan melde seg på via Hjortesenteret sine nettsider.

Artikkeltags