Gå til sidens hovedinnhold

Barn som reiser åleine får ikkje vere med båten

Artikkelen er over 4 år gammel

Vêret er så dårleg at Norled ikkje tar med ungar som reiser åleine i dag.

Når hurtigbåten skal gå mellom Bergen og Nordfjord i ettermiddag klokka 16.30 tar dei ikkje med barn under 12 år som reiser åleine, på grunn av vêrforholda. Det opplyser Bjørn Egil Søndenå, regionsjef for hurtigbåt i Norled til Firda.

– Når det er flatt hav og fint vêr går det fint at ungar reiser åleine, men når båten bevegar seg mykje blir dei redde. Mindre barn som reiser åleine treng støtte. Difor oppfordrar vi alle foreldre til å ta omsyn til vêret, og å at dei følger barna på reisa no. Det har ikkje med sikkerheit å gjere, men for at barna skal kjenne seg trygge i båten, seier Søndenå.

Den nordgåande ruta vil ikkje gå til Smørhamn kai, men via Leirgulen, på grunn av vêret. Det blir sett opp buss.

Ifølge BarentsWatch er det meldt om 14 meter høge bølger mellom Utvær og Stad klokka 16 i ettermiddag. Gjennom julehelga er det varsla og maksimal bølgehøgde på over 20 meter på same strekninga. 

– Det er meldt veldig dårleg vêr på Nordvestlandet. I går innstilte vi deler av ruta mellom Bergen og Selje. Vêret kan treffe ganske tøft, seier Søndenå.

Han oppfordrar reisande til å følge med på nettsidene deira for oppdatert reiseinformasjon.

 

Kommentarer til denne saken