Nordic Mining har sikra avtale med grunneigarar

Artikkelen er over 2 år gammel

ENGEBØ: Nordic Mining har komme fram til ei ordning med hovedgrunneigarane på Engebø, melder selskapet sjølv i ei pressemelding.

DEL

I ei pressemelding torsdag ettermiddag som Firda viser til, skriv Nordic Mining at dei har inngått avtalar med dei største grunneigarane på Engebø i Naustdal. Avtalen gir Nordic Mining rett til å erverve området for det planlagde anlegget. Vidare regulerer avtalen Nordic Minings planlagde utvinningsaktivitetar og kompensasjon til grunneigarane for sal av alle mineral frå Engebø.

I april vart det kjendt at fem grunneigarar i Engebøfjellet har overdrege sine rettar til mineralutvinning til eit selskap som vil vinne ut granat – utan fjorddeponi.

Men i pressemeldinga Nordic Mining sende ut torsdag, seier dei at dei no har alle rettigheiter og løyver som er naudsynt.

– Dette inkluderer utvinningsløyver, miljøløyve og ein plan for regulering av bruken av jord til gruvedrift, mineralhandsaming og infrastruktur i Engebø-området, skriv selskapet.

Konkurrenten ønskjer dialog med Nordic Mining om todelt utvinning i Engebøfjellet 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken